Hopp til hovedinnhold
Musikk fra livets begynnelse logo.

Månedenes medlem - mai 2025

Hva er din (musikk)bakgrunn?
Eg heiter Anette Berg Leiren (47) og bur i Norheimsund i Hardanger. Eg er utdanna barnehagelærar med fordjuping i drama, og ha også blant anna ein bachelor i interkulturell forståing. Eg har alltid drive med song og musikk på fritida, og no i vaksen alder syng eg i damekoret FRYD og i vokalgruppa TeKlang.

Hvor lenge har du vært medlem i Musikk fra livets begynnelse?
Eg har vore medlem sia begynnelsen av 2000-talet, 2002 eller 2003.

Hvor jobber du?
Eg har jobba som pedagogisk leiar i barnehage i mange år, der eg aktivt har nytta mykje drama, song og musikk i barnehagekvardagen. Tidleg på 2000-talet gjekk eg på fleire kurs i regi av Musikk fra livets begynnelse, og ved sida av å jobba i barnehage, starta eg opp Klangfuglen Musikkverkstad. Gjennom Klangfuglen Musikkverkstad tilbaud eg babysong, musikkgrupper for foreldre og born (1-6 år) og praktiske musikkurs for barnehagetilsette i fleire år. Dei siste 15 åra har eg jobba som styrar i Sandven FUS barnehage. Barnehagen har satsingsområdet kunst, kultur og kreativitet, og er nyleg blitt ein Syngende barnehage.

Hvilke 3 sanger vil du anbefale og hvorfor?
På barnehagen sine planleggingsdagar startar eg alltid med litt song. Det er ein god måte å samla seg om eit felles fokus og få ein god start på dagen. Eg startar med å syngja « Kom og syng en song og klapp med meg», og folk heng seg på etter kvart, reiser seg og samlarseg ståande i ei ring på golvet. Me syng songen eit par tre gonger, til alle har samla seg.

Så presenterer eg ofte planen for dagen. Før me set oss ned att og fortset dagen, syng me ofte eit par songar til i ringen. Dette er også med på å bidra til at me tilsette får ein fellesskapskjensla, og vert tryggare på å syngja meir saman med borna i barnehagekvardagen. Samstundes er det med på å byggja opp eit felles songrepertoar for heile barnehagen.

Hør Anette synge sine tre anbefalte sanger

Bilde av fire barnehagebarn som klapper

Kom og syng en sang

Sang - klapp - bevegelse - kropp - velkomst - månedens medlem

Bilde av en toddler som kryper på gulvet

Der nede er gulvet

Regle - bevegelse - månedenes medlem

Bilde av et barn som holder hånden på pannen

Hold deg pannen

Bevegelse - sang - månedens medlem

Hvilke 3 innspilte sanger vil du anbefale?
Eg er skikkeleg fan av "skranglepopduoen" Naboen min, som lagar fantastiske barnesongar på nynorsk. Dei vann Speleman for beste barneplate i 2028. Mine favorittar og favorittar i vår barnehage er «Rockesock», «Gyli Gyli Gong Gong» og «Male Himlen Blå».

Tips til aktuell litteratur
Barnehagen eg er dagleg leiar i, ligg i ein nynorskkommune, og eg og mine tilsette er ofte på jakt etter songar, rim og reglar som finst originalt på nynorsk/dialekt eller som har gode nynorske omsetjingar, sånn at borna også får presentert musikalsk stoff på eige målføre. Det er ikkje alltid like lett å finna, men Nynorsksenteret ynskjer å bidra til å løfta fram gode barnesongar på nynorsk og har ei god nettside. Sjekk ut: nynorsksenteret.no/barnehage. Vil også tipsa om Odd Nordstoga sin songbok med nynorske barnesongar; «Song for deg og meg».

Hvem vil du anbefale som månedens medlem i juni?
Eg anbefalar Laila Sagstad Fosso, som er lærar i Kvam kulturskule!

  • Portrett av Anette Berg Leiren

    Anette Berg leiren, foto: Kristina Steine

  • Anette Berg Leiren er styrer i Sandven FUS barnehage i Norheimsund og medlem i Musikk fra livets begynnelse

  • Anette anbefaler sangboka Song for deg og meg av Odd Nordstoga

  • Anette anbefaler skranglepopduoen Naboen min, som synger på nynorsk.